lørdag 16. april 2016

Den kyrkjelege situasjonen i DNK

Den norske kyrkje har gått inn for å vigsla to av same kjønn. Dette er ei historisk hending i Noreg. Korleis skal ein tenka rundt dette, og kor går vegen for kristne menneske i Noreg nå? I dette innlegget så vil eg dela nokre tankar rundt dette med dykk.




Bibelen, Guds ord eller ikkje? 
Me ser at kjerna i problemet er at menneske ikkje ønskjer Gud. Ein av dei viktigaste sanningene å halda fast med, er at Bibelen er Guds åpenbarte ord til oss menneske. Det er dette som har vore under angrep siden opplysningstida, òg nå. Når ein kristen gjer slepp på denne sanninga, har huset si grunnmur starta på forfallet.


Lærenemd i 1997
Da dette spørsmålet var oppe til debatt i 1997 i ei lærenemd, blei dei samde om at ein endring i synet på ekteskap var kyrkjesplittande og vranglære; dette har 19 år seinare endra seg totalt. Ein kan spørja seg, kva for nokre tunge argument har komme til på denne korte tida?


                                                                                   Biskopane 
Me har diverre sett korleis alle biskopane samla stemde i mot Guds åpenbaring på kyrkjemøtet på mandag. Dei reklamerte for ei løysing kor dei konservative ville bli ivaretekne, men sanninga er at det gjer dei ikkje. Kristne biskopar som Reinertsen, Kvarme og Nordhaug leda sine får i motsatt retning av kva Guds ord seiar. Her kan ein undra seg kvifor dei ikkje gjorde slik som Morland, Benestad og Ådna, som stemde i mot. Då kunne dei ha hatt hovudet sitt heva; symbolske handlingar er viktige. Ein biskop skal vera ein tilsynsmann. Dette inneber at han førar tilsyn med menighetane for å sjå om dei skikkar seg slik som dei skal.









Konsekvensane av kyrkjevalet
Når menneske blir velsigna i si synd, det kan vera homofil praksis, løgn, hat, egoisme, tjuveri, hor, brudd av løfter, baktaling og mykje meir, ikkje blir kalt til å venda om, så har kyrkja mista si skatt. Kyrkjevalet har stemt ner evangeliet. Uten evangeliet, inga frelse; uten frelse, ikkje noka håp. Uten Jesus som sonoffer for synd; ingen nåde hjå ein heilag Gud. Dette er svært alvorleg.




Kor går vegen for kristne menneske i Den norske kyrkje?
Mange har sterke kjensle til kyrkja si; på bygda er det gjerne bare kyrkja som er av trussamfunn. Dette er såre følelsar som ein må ta på alvor. Kva skal ein så gjere hvis ein er kristen og har sin heim i DNK? Her vil eg mana til bønn og ettertanke for kva ein skal gjera. Det eg nå skal seie, er generelle råd som kan hjelpa til med denne prosessen.
Ein alarm må gå når fleire av bedehusorganisasjonane opprett eigne trussamfunn. Bedehusrøyrsla har alltid står trufast ved kyrkja si side, og ikkje tatt initiativ til å setta seg i mot den. Sjølv om kulturforskjellane er store frå bedehus og kyrkje, har dei fleste vore medlemmar i kyrkja. Den som har auge må sjå kva som skjer nå.


I klassisk luthersk teologi og annan reformert teologi, har me nokre kriterier for ei splitting av kyrkja.
1. Sakramenta må bli forvalta rett.
2. Evangeliet må bli forkynt reint og klart.


Eg vil anbefale å finna seg ein annan heim. Med eit medlemsskap så seier ein seg enig i praksis; når praksis bryt med punkt to, så må ein gå i eksil ein annan stad. Alternativet ville ha vore viss det blei oppretta eit alternativt tilsyn for prestane, slik at det ikkje treng å ha samfunn med liberale biskopar og prestar.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar