søndag 15. mai 2016

Barn og arvingar

Kor godt er det ikkje å veksa opp med ein god far, og ein god familie. Som ein bautastein og tryggleiken sjølv er han, og barnet kan komma til han med ærefrykt og kjærleik. Den barnlege tilliten om at pappa ordnar alt, er ei rot til liv for det vesle barnet. Diverre ser me stadig fleire familiar i landet vårt som blir splitta opp, og barna er dei som lid av dette; kvifor vil ikkje dei som laga meg vera i lag lengre? 


Barn-far-relasjonen er eit bilde som går igjen i Guds ord. Me har mange flotte nådige ord som seier oss kor stor rikdommen i dette er. Se til dømes Romerbrevet 8,12-16, eller se kva Paulus seier her i Galaterbrevet 4,1-7: 


"Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og slaven, endå han er herre over alt saman.  Han står under formyndarar og hushaldarar heilt fram til den tida far hans har fastsett. Slik er det òg med oss. Då vi var umyndige, var vi slavar under grunnkreftene i verda. Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova. Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born. Og sidan de er born, har Gud sendt sin Sons Ande inn i hjarta våre, og Anden ropar: «Abba, Far!» Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud."


Galaterbrevet må lesast som ein heilskap. Denne teksten er ein bit av den boka, kor Paulus tar eit kraftig oppgjer med Galaterane fordi nokre av dei sannsynligvis stod i fare for å falla bort fra Kristus. I dette malar Paulus vakre bilde for auga våre om blant anna kor stort det er å få vera Guds born og arving av himmelrike. Ein far ønskjer bare godt for sine barn, og han er tolmodig med dei. Han tar initiativ til å oppdra oss til å bli meir og meir like Jesus. Dette fyller meg med håp og takksemd. Når ein eig alt, har heile himmelen som arv, har blitt forsona med Gud, har fått fridom i gave. Ja, då kan me leva i full fridom som ingen kan ta frå oss. Gud er ein overmåte heilag, nidkjær og kjærlig Gud som har gjeve oss menneske frelse i Jesus; her finn me vår plass, her finn me vår far, her blir me fullt med undring ståande framfor krossen. Gud er stor. 


Må Gud gjeva oss nåde til ikkje å la dette underet bli lite i hjarta våre. Men la takksemden fylla oss med lovsang og glede. Paulus skriv så fint om dette i Filipperbrevet 4,4: Gled dykk, igjen vil eg seie gled dykk!". 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar