søndag 20. november 2016

Guds truskap og vår truskap til Gud

Guds truskap i Det Gamle Testamentet
I det gamle testamentet møter me ein Gud som viser sin truskap til menneske som ikkje er tru mot Han. I 2. Mosebok ønskjer Israelsfolket å venda tilbake til Egypt, fordi dei blir svoltne. Når Moses går opp på fjellet for å vera hos Gud og få Hans lov, trur folket at Moses er død. Då lager dei ein gullkalv og kallar han for Gud. At Israelsfolket sviktar gang etter gang, er noko me kan kjenna oss igjen i. På tross av at dei er eit trassigt og stivnakka folk, bryt ikkje Gud sine løfter til dei. 


I Hoseaboka blir Hosea bedt om å gifta seg med ei prostituert kvinne. Dette nyttar Gud som eit døme på korleis Gud har knytta seg til eit utro folk. Kvifor vel Gud å halde fast med sitt folk? Fordi han elskar dei. Det er Gud som valde ut dei, ikkje dei valde Gud. "For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Blant alle folk på jorda har Herren valt ut deg til å vera hans folk, hans kostelege eigedom." 5. Mos 14,2


Guds truskap i Det Nye Testamentet
Dette kjernepunktet med Gud gir seg ikkje i det gamle testamentet. Når me møter Jesus, ser me at Gud er den same i det gamle testamentet og det nye. På tross av vår veikskap så blir Jesus eit menneske og er tru til døden (Fil 2,6-11). Jesus går så langt at Han vèl å bli forbanna i vår stad. Vèl å ta Guds vreide på seg. Fordi han elskar oss fortapte og fordømte menneske, gjev han sitt liv for at me ska leva saman med Han i all æva. Dette er eit stort mysterium å undra seg over. Eg er frelst, ikkje på grunn av kva eg har gjort eller kan gjera, men fordi Jesus valde å frelsa meg. 



Vår truskap til Gud
Ein av Andens frukter i Galatarbrevet 5,22, er truskap. Så korleis kan me vera tru mot Gud? I slutten av Matteusevangeliet kapittel sju, les me om to menn som bygger eit hus. Han eine bygg på fjell, og han andre bygg på sand. Det kjem ein storm, og huset som er bygd på sand, rasar saman. Ikkje det andre, for det er solid bygd. Denne historia om disse to mennene står som slutten på ei preike som Jesus starta i kapittel fem i Matteusevangeliet. Han avsluttar preika slik:
"Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort."

Ein ting som kan fungera som ei hjelp med gode vanar, er dei fem B´ane. Bibelen, bønnen, brødrefellesskapet, brødbrytinga og badet. Her har me viktige ting me kan gjera som Gud har gjeve oss og skildra i sitt ord. 



Kjære Gud. Takk for din truskap.
Takk for at du har frelst meg. Hjelp 
meg Herre til å leva i Deg og din vilje.
Led di kyrkje på dine vegar, og la 
oss elska og tena deg og vår neste.

Amen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar